Vossaton 22.08.26 – PÅMELDING
| Distanse | Innan 31.05 | Innan 02.08 | Innan 20.08 |
| 5km – frå 19 år | kr 150 | kr 170 | kr 200 |
| 5km -10-18 år | kr 120 | kr 150 | kr 150 |
| Halvmaraton | kr 250 | kr 300 | kr 350 |
| Bedriftsstafett | kr 800 | kr 900 | kr 950 |
For dei som ikkje har friidrett sin heilårslisens/forsikring, kjem det i tillegg ein eingongslisens (frå 13 år):
For startkont. frå Kr 101-250: kr 30. For startkont. frå Kr 251-400: kr 40
Rabatt, kr 50, for medlemmer i Voss IL.
Rabattkode på www.vossil.no/vossaton
Etterpåmelding + kr 50: seinast 45min før start. For barneløp til 20 min før start.
Kl 11.00: Halvmaraton : Aldersgrense 15 år
- Start halvmaraton: Start på Gjernes, ca 1,5km frå idrettsplassen.
- Felles jogg til start frå mål kl 10.25, 10.30 og 10.35. Sjå elles kart til start.
- Klede vert bringa attende til målområdet – bruk eigen bag, eller pose som du får ved utdeling av startnummer.
- Det er toalett ved start på Gjernes skule.
- Drikkestasjonar ved 5,2km, 11,3km, 16,4km og ved mål. På den første drikkestasjonen berre vatn – på dei to andre vatn og saft.
- Deltakarmedaljar til alle
- Premiar til dei tre beste tider totalt for kvinner og menn
- Det er ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista
- Løyperekord vert premiert med kr 1000
KL 11:00 Bedriftstafett – ein uhøgtidleg stafett for bedrifter og organisasjonar.
De avgjer sjølve kor mange som skal springa på laget, men det må vera minst 5 og maks 10 løparar. Du kan springa fleire etappar, men ikkje lenger enn 5km.
- Fram til ca. 16km er det 6 etappar på ca 2,5km
- Dei siste 5km er det 4 etappar på litt over 1km
- Laga må sjølve organisera skyss for løparane
Påmelding på eqtiming opnar 15.11.25 Påmelding
Barneløp kl 11.10. Påmelding opnar 31.05. Etterpåmelding løpsdagen fram til kl 10.45.
Medaljar til alle.
5km kl 11.30: Frå10 år – for deg som vil gå, jogga eller springa
- Deltakarpremiar til alle
- Premiar til dei tre beste tider totalt for kvinner og menn
- Elles er det ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista
- Løyperekord vert premiert med kr 500
Garderobar og toalett: I Voss idrettshall. Verdisaker kan leverast inn i sekretariatet. Det er elles toalett i Idrottshuset/kaféen. Det er og toalett ved start halvmaraton – på Gjernes skule vel 100m etter start.
Utdeling av startnummer:
– Fredag kl 17-19 i kaféen i Idrottshuset – NB! hent brikke på laurdag/vis startnr.
– Laurdag frå kl 09.00 i kaféen i Idrottshuset.
Etterpåmelding på 5km og halvmaraton: + kr 50, på eqtiming fram til 45 min før start
Kafé: Etter løpet er det sal av vaflar, kaffi, brus, is m.m. i kaféen i Idrottshuset.
Premieutdeling:
– 5km kl 12.50
– halvmaraton kl 13.00
Løyperekordar:
- Halvmaraton: Kvinner 1.19.20 Menn 1.16.13
- 5km : Kvinner 18.34 Menn 16.12