INFO Vossaton

       Vossaton  21.08.27  – PÅMELDING  (fram til fredag 20.08 kl 20.00)

For dei som ikkje har friidrett sin heilårslisens/forsikring, kjem det i tillegg ein eingongslisens (frå 13 år):
For startkont. frå Kr 101-250: kr 30.   For startkont. frå Kr 251-400: kr 40

Distanse Innan 03.05 Innan 02.08 Innan 20.08
5km – frå 19 år kr 180 kr 210 kr 250
5km -10-18 år kr 150 kr 180 kr 200
Halvmaraton kr 300 kr 350 kr 390
Bedriftsstafett kr 850 kr 950 kr 990

  Barneløp (3-11år) Påmelding opnar i mai: Kr 35 – Påmelding

Rabatt, kr 50, for medlemmer i Voss IL fram til 17.08. (gjeld ikkje for barneløp)

Rabattkode på www.vossil.no/vossaton

Etterpåmelding for barneløp til 15 min før start.

Kl 11.00: Halvmaraton : Aldersgrense 15 år

  • Start halvmaraton: Start på Gjernes, ca 1,5km frå idrettsplassen.

    • Felles jogg til start frå mål kl 10.25 og 10.30 Sjå elles kart til start.

    • Klede vert bringa attende til målområdet – bruk eigen bag, eller pose som du får ved utdeling av startnummer.

    • Det er toalett ved start på Gjernes skule.

    • Drikkestasjonar ved 5,2km, 11,3km, 16,4km og ved mål. På den første drikkestasjonen berre vatn – på dei to andre vatn og saft.

    • Løyperekord vert premiert med kr 1000

KL 11:00 Bedriftstafett – ein uhøgtidleg stafett for bedrifter og organisasjonar.
De avgjer sjølve kor mange som skal springa på laget, men det må vera minst 5 og maks 10 løparar. Du kan  springa fleire etappar, men ikkje lenger enn 5km.

    • Fram til ca. 16km er det 6 etappar på ca 2,5km

    • Dei siste 5km er det 4 etappar på litt over 1km

    • Laga må sjølve organisera skyss for løparane

Barneløp kl 11.10 (3-11 år): Påmelding  Etterpåmelding løpsdagen fram til kl 10.45. Medaljar til alle.

5km kl 11.30: Frå 10 år – for deg som vil gå, jogga eller springa

    • Deltakarpremiar til alle

    • Pengepremiar til dei tre beste tider totalt for kvinner og menn

    • Premie til klassevinnar

    • Løyperekord vert premiert med kr 500

Garderobar og toalett: I Voss idrettshall. Verdisaker kan leverast inn i sekretariatet. Det er elles toalett i Idrottshuset/kaféen. Det er og toalett ved start halvmaraton – på Gjernes skule vel 100m etter start.
Utdeling av startnummer:
– Fredag kl 17-19 i kaféen i Idrottshuset – NB! hent brikke på laurdag/vis startnr.
– Laurdag frå kl 09.00 i kaféen i Idrottshuset.

Kafé: Etter løpet er det sal av vaflar, kaffi, brus, is m.m. i kaféen i Idrottshuset.

Premieutdeling:
– 5km kl 12.50
– halvmaraton kl 13.00

Løyperekordar:

    • Halvmaraton kvinner: Mari Fosse Vaksdal: 1.19.20

    • Halvmaraton menn  : Kim Are Bull Hansen: 1.16.13

    • 5km              kvinner: Hilde Fenne 18.18

    • 5km               menn  : Hans Inge Klette16.12