Me har fått fleire oppmodingar om å endra løypa til Vossaton halvmaraton og leggja ho rundt Vangsvatnet.
Dette vert heilt sikkert ei spektakulær rundløype. Her gjekk og NM i landevegsløp midt på 80-talet.
Vangsvatnet rundt er 22km (og 300m lenger frå idrettsplassen). Starten er derfor lagt til Gjernes, knappe 1.5km frå idrettsplassen. Det vert felles jogg/oppvarming til start.
Nytt av året er eit barneløp som vert arrangert mellom starten på halvmaraton og 5km.
Då er løypa lagt om og vil no gå rundt Vangsvatnet. Det vert felles jogg til start ca ein km frå idrettsplassen.
Vel møtt til ein flott tur rundt Vangsvatnet.